Meny
2020 Sandane, Sogn og Fjordane

Karoline Bjerkeset inn i Senterpartiets programkomitè

Karoline Bjerkeset, kommunestyrepolitikar frå Gloppen Senterparti, skal sitje i nemnda som skal utarbeide nytt stortingsvalprogram for Senterpartiet for 2025-2029. 

Karoline Bjerkeset har lang røynsle i senterbevegelsen, både som tilsett og tillitsvald i ei lang rekkje verv på ulike nivå, lokalt og nasjonalt. Ho har også tidlegare vore nestleiar i Sogn og Fjordane Senterparti. 

2. Karoline Bjerkeset.jpg

-Dette vert skikkeleg spennande og kjekt og eg gler meg til å vere med å utforme framlegg til Senterpartiet sin politikk nasjonalt for neste stortingsperiode. Vi er inne i utfordrande tider, både nasjonalt og internasjonalt. Korleis vi skal utforme velferdssamfunnet slik at det vert bærekraftig, både dei næraste åra, men også på lang sik,t er eit utfordrande spørsmål. Korleis vi skal få til ein klima- og miljøpolitikk som tek i vare både natur og kuttar utslepp samstundes som tiltaka vi gjer, ikkje råkar urettferdig sosialt og geografisk i Noreg og i verda elles, er også eit vesentleg spørsmål i tida framover. Og sist, men ikkje minst, korleis skal vi byggje opp beredskapen i Noreg og sikre matforsyning, infrastruktur og kontroll med nasjonale ressursar? Det er store spørsmål, men eg gler meg til å ta fatt, avsluttar ho. 

 

Senterpartiet si programnemnd skal legge fram sitt utkast til nytt stortingsvalprogam på Senterpartiet sitt landsmøte våren 2025.